Løsemiddel


Løysemiddel – eigenskapar og omfang

Løysemiddel er stoff som løyser opp andre stoff og fordampar. Dei blir brukte i dei fleste bransjar. Arbeidstilsynet reknar med at rundt 200 000 arbeidstakarar er i kontakt med løysemiddel dagleg, det vil seie kva tiande arbeidstakar. Dei fleste veit ikkje om risikoen.

Det er evna til å løyse opp andre stoff og den hurtige fordampinga som gjer løysemidla så nyttige og praktiske og samtidig så farlege. Løysemiddel som fordampar, forureinar lufta vi pustar inn, og blir transporterte vidare frå lungene til blodet. Gjennom blodet blir løysemidla transporterte til viktige organ i kroppen, særleg hjerne og nervesystem, der dei kan gjere stor skade.

Les mer http://www.arbeidstilsynet.no/fakta.html?tid=78221#Løysemiddel